Slik vil me ha det !

Landanlegget til Jondal båthamn
Styret har saman med arkitekt hjå Prosjekt Konsulent Kvinnherad arbeidd fram planar for landområdet med medlemshus.

I 2008 fekk Jondal båthamn nye bryggjer til om lag 5,4 mill. kr finansiert av medlemene. Vestsida av betongbryggja vert nytta som gjestebrygje for båtturistar. Sjølv om me til no ikkje har hatt eige serviceanlegg, men tilbydd gjestene våre serviceanlegget på Spar, har me fått mange godord frå båtturistar som har nytta gjestehamna.

Hausten 2009 vart arbeidet med landområdet starta opp. Ny mur mot sjøen måtte til då den gamle var i ferd med å rasa ut. Heving av området og noko oppfylling er og gjort. GBS Entreprenør AS i Kvam har gjort godt arbeid.

Styret vonar å kunna fullføra uteanlegget i år i tillegg til å planera ut grunnen for medlemshuset.

Dersom mange gode krefter sluttar opp om finansieringa, bør me kunna få tett hus med ferdig serviceanlegg for båtturistar til sesongen 2011 og heilt ferdig hus til sommaren 2012. Då vert det stor innviingsfest med bryggjedans m.m.
Oversiktsplan over heile området.

Oversiktsplan over båthamna.

Medlemshuset med serviceanlegg for båtturistar.

Ser det ikkje fint ut ? Slik vil me ha det !

Overbygd uteplass.

Her kan det bli mykje moro !

Her kan me kosa oss også i regnver.

Dersom alle gode krefter tar del i finansieringa, vonar styret å kunna planera ut tomta saman med avslutninga av uteområdet i 2010 og ha tett hus med serviceanlegg til sommarsesongen 2011.

Ferdig hus med stor fest i juni 2012 !?

Huset sett frå aust.

Huset sett frå vest.

Huset sett frå sør.

Huset sett frå nord.