Etter gjennomgang av styrets arbeid med videre planer for landområde, ble avstemning over
styrets forslag som følger:
1. Årsmøtet godkjennte at de framlagte planer for videre utbygging av båthamna blir
arbeidet videre med av styret. - Enstemmig vedtatt.
2. lnnbetaling av kr. 2000.- pr. bryggemeter o.s.v.- Utsettes. - Enstemmig vedtatt.
3. Årsmøet godkjenner kostn.overslag og finansieringsplan. Forslaget trekkes.
4. Styret får fulmakt til starte opp med båtoppdrag og kaifront innenfor oppsatt
kostnadsramme. - Enstemmig vedtatt
Forslag om utsettelse av oppstart til finansieringsplan og løyve er innhentet falt etter
avstemning, mot 3 stemmer
5. Hamnebygget, oppstart av prosjekt - Styets forslag falt etter avstemning. Det var
enstemmig vedtak om at dette prosjektet utsettes
Sak 13 /2009 Auke av årsavgifta
Årsavgifta for Jondal båthamn har vore uendra nokre år; kr 500,- per m bryggjebredd.
Styret meiner at det er viktig å ha ei årsavgift som ikkje berre dekkjer drift og vedlikehald, men også har rom for avsetjingar slik at båtplassane held seg i verdi og nødvendige nyinnkjøp kan dekkjast fullt ut frå avsetjingane.
Dei nye bryggjene har kosta om lag kr 6.000.000,- inklusiv dei som vart innkjøpte etter år 2000. Reknar me med ei nedskrivingstid på 30 år, må me årleg setja av kr 200.000,- for å få ei avsetjing på same sum.
Inntekter
Årsavgift 340 m a 700,- kr 238.000,-
Inntekter på gjestebryggja kr 42.000,-
Totalt kr 280.000,-
Utgifter
Reknar me med driftsutgifter på kr 65.000,-
Årlege renteutgifter, 5% av kr 1.500.000 kr 75.000,-
Årlege avdrag kr 75.000,-
Den årlege avsetjinga vert då kr 65.000,-
Totalt kr 280.000,-
Styret vil tilrå at årsavgifta vert auka til kr 700,- per m per år sjølv om dette ikkje gjev den avsetjinga som me kunne ynskja.
Styret sitt framlegg til vedtak:
Årsavgifta i Jondal båthamn vert sett til kr 700,- per breiddemeter med verknad frå og med 2009.
Vedtak:
Styrets forslag til økning av årsavgiften med kr 700,- pr. løpe mtr. Etter avstemning var det 14 stemmer for og 9 stemmer mot.
Forslag fra salen om økning til kr.600.- pr. l.mtr, samt at styret oppfordres til å få solgt dagens leieplasser, falt dermed
Sak 14/2009. Vedtektsendring
Styret har gjennomgått gjeldande vedtekter og gjort nokre tilpassingar. Tilpasningane er skrivne med rødt.
Vedtekter for Jondal båthamn
§1 Føremål
Laget sitt namn er Jondal båthamn. Laget har til føremål å samla båtinteresserte til å byggja ut flytebryggjer og andre aktuelle anlegg, og vidare stå føre drifta og administrera anlegget.
§2 Styret
Laget vert leia av eit styre på 5
faste
medlemmer.
I høve likt røystetal, avgjer leiar med dobbelstemme.
Styre er vedtaktsført når minst 3 medlemmer er til stades, derimellom enten leiar eller nestleiar.
§3 Årsmøtet
Årsmøtet er laget sitt øverste organ, og bør haldast før 1. april. Innkalling med oppslag i Jondal sentrum
og på båthamna si heimeside
minst 14 dagar før møtet
.
Årsmøtet skal handsama:
a.
Innkallinga
b.
Referat frå førre årsmøte.
c.
Årsmelding.
d.
Revidert rekneskap med revisorane sine merknader.
e.
Val av leiar for 1 år.
f.
Val av styremedlemmer for 2 år
g.
Val av to varamedlemmer for 1 år
h.
Val av revisorar for 1 år
i.
Val av valkomite med 3 medlemmer for 1
år, Styre kjem med forslag.
j.
Fastsetjing av
innskot
og årsavgift
k.
Eventuelt innkomne forslag.
Eit kvart lovleg samankalt årsmøte er vedtaksført når minst 10 % medlemmer er frammøtte. Eit eventuelt ekstraordinært årsmøte, som er samankalt som fylje av manglande frammøte til det ordinære årsmøte, er vedtaksført uansett kor mange som møter. Saker til handsaming på årsmøtet må vera styre i hende minst 1 månad før årsmøtet.
Det skal førast møtebok for kvart møte.
§ 4 Lovendringar
Alle endringar i laget sine lover krev minst 2\3 fleirtal ved avrøysting på eit årsmøte. Framlegget til lovendring må fylgja skrifteleg innkalling til årsmøtet.
§ 5 Medlemskap
Styret avgjerd søknad om medlemskap. Når fastsett innskott og årsavgift er betalt av søkjaren \ medlem. Plassar vert tildelt etter dato på motteken søknad.
Medlemmer har bruksrett på tildelt plass, og kan selja \ overdraga plassen sin etter reglar i § 9.
.
§ 6 Årsavgift.
Dersom årsavgift/innskot ikkje er betalt etter to purringar, kan styret sei opp medlemskapet, og selja plassen og evt. båt for eigar sin rekning og ansvar. Medlemmen får utbetalt innskot, med frådrag av Jondal båthamn sine utgifter ved salet.
§ 7 Matriellet
Medlemmer skal handsama matriellet til laget med varsemd.
Medlemmer er ansvarlege for manglanade sikring av båt, samt tilsyn.
Ved bortleige av båtplass , påkviler dette ansvaret
eigaren av båtplassen
.
§ 8 Eksklusjon
Medlemmer som ikkje fyljer vedtektene eller bryt lover, eller på annan måte ikkje er kollegiale , kan ekskluderast på årsmøtet med 2\3 dels fleirtal. Styret har suspensasjonsrett til årsmøtet vert halde . Styret pliktar å varsla vedkommande før årsmøtet.
§ 9
Overdraging av båtplass.
Sal, overdraging og byte av båtplass vert formidla av styret. Når ein plass vert ledig for sal, skal den fyrst tilbydast eigarar av eksisterande plassar som ynskjer å byta plass. Deretter vert plassen tilbode dei som står på venteliste etter ansiennitet. Lista gjev kjøpsrett, men ikkje kjøpsplikt. Meterprisen ved sal av plass vert regulert av styret. Prisen skal indeksregulerast med SSB sin konsumprisindeks med utgangspunkt november 2008. Styret har ikkje ansvar for oppgjer mellom partane. Evt. skuldig årsavgift eller anna skal vera oppgjort før ny eigar kan ta plassen i bruk.
Overdraging innan den nærmaste familie må meldast til styret.
Framleige av båtplass må meldast til styret. Ledige båtplassar kan leigast ut når styret godkjenner det for 1 år om gongen.
§ 9 Oppløysing.
Dersom laget skal løysast opp kan dette gjerast med 2\3 dels fleirtal av årsmøtet og minst 1\2 parten av medlemmene må vera til stades. Eventuell restverdi vert fordelt på eigarane i høve bryggjemeter ved oppløysinga.
Styret sitt framlegg til vedtak:
Styret sitt framlegg til vedtekter vert godkjende.
Vedtak:
Styrets forslag til vedtekter med endringer er vedtatt.( Se rev.Vedtekter for Jondal båthamn
datert 27/3-2009
som ligger på hjemmesiden
Sak 15/2009 Hamnereglement
Styret har utarbeidd framlegg til hamnereglement for Jondal båthamn.
Hamnereglement for Jondal båthamn
1.0 Hamnesjef.
For å ivareta orden i hamna skal ein av styret sine medlemmer verka som hamnesjef, i nært samarbeid med resten av styret.
2.0 Båtplassfordeling.
Hamnesjefen, i samråd med styret, kan føreta omdisponering av båtplassar. Medlemmer må
retta seg etter dette og nytta den tilviste plassen.
3.0 Eksklusiv rett til båtplass.
Kvar enkelt medlem som disponerer båtplass i Jondal båthamn har kjøpt eksklusiv rett til ein båtplass med bestemt breidd slik som det er gjort greie for i kontrakt. Medlem er ikkje eigar av bryggje, utriggarar, festeanordningar eller andre gjenstandar i hamna.
4.0 Hamnereglementet si rekkevidde.
Medlemmer, leigetakarar og besøkjande er forplikta til å fylgja hamnereglementet.
5.0 Båtstorleik.
5.1 Båtplassen sin storleik i breiddemeter vert rekna frå senter/senter utriggar eller senter
utriggar/senter fortøyningsbom. Det bør vera min. 0,2 m klaring mellom båtskrog og
utriggar/fortøyingsbom.
5.2 Det er ikkje tillete å fortøya båt som er for lang, brei eller tung i tildelt båtplass. Medlem
kan ikkje føreta justering av plassen si breidd utan etter løyve frå hamnesjefen. Båtar som
ikkje passar, kan hamnesjefen avvisa eller tilvisa annan plass i hamna.
6.0 Fortøyningsreglar.
6.1 Båten skal vera forsvarleg fortøyd med strekkavlastarar og fendrar. Hamnesjef kan krevja
fortøyning utbetra, og utføra dette for båteigar si rekning dersom båteigar ikkje rettar seg
etter krav frå hamnesjefen.
6.2 Gjenstandar som er festa til båten (anker, baugspyd, joller, davitar og liknande) må ikkje
stikka inn over bryggja.
6.3 Flytande tauverk må ikkje førekoma.
6.4 Uturvande støy frå hamna skal ikkje førekoma. Fall, skjøtar og stag m.m. skal festast slik
at det vert minst mogeleg støy som fylgje av vind.
6.5 Private gjenstandar og installasjonar på bryggjene skal godkjennast av hamnesjefen. Det er
ikkje tillete å montera bildekk, tepper, tau og liknande på bryggjer og utriggarar.
6.6 Lettbåtar/joller skal ikkje oppbevarast på bryggjene, og dei skal ikkje fortøyast på ein slik
måte at dei ligg i vegen for andre si manøvrering.
6.7 Det er ikkje tillete å oppbevara gjenstandar, slik som båtutstyr, avfall eller anna på
bryggjer, utriggarar og landområdet.
6.8 Metallbøylar eller liknande (sjaklar og kjettingar) som kan skada rustbeskyttelse på plassen
sine fortøyningsfester, er forbode å bruka.
7.0 Ordensreglar.
7.1 Medlemmer har plikt til å halda god orden i hamna. Kasting av avfall, fiskeavfall, tøming av toalett og septiktank skal ikkje føregå i hamna. Sløying av fisk, greiing og reinsking av
garn, opplag av teiner, garn og liknande skal ikkje føregå i båthamna.
7.2 Medlemmer skal ikkje ureina med oljesøl og liknande, jf Forureiningsloven av 13. mars
1982 nr. 6.
7.3 Medlemmer og andre er forplikta til å retta seg etter Jondal båthamn sine krav til orden og
rydding i hamna og på landområdet.
7.4 Det skal vera ro i hamna etter kl. 23.00, styret kan dispensera frå dette ved spesielle arrangement.
7.5 Jondal åthamn kan fjerna båtar i fylgjande tilfeller:
7.5.1 Båtar som på grunn av manglande vedlikehald er skjemmande. Dette gjeld
også for båtar og joller som søkk eller er fylt med vatn og ikkje får tilsyn.
7.5.2 Båtar som kan føra til ureining, havari eller trafikkvanskar i hamna.
7.6 Dersom medlem ikkje rettar seg etter pkt. 6.1, kan hamnesjefen etter å ha varsla medlemmen, på eige initiativ syta for turvande tiltak. Kostnad i samband med dette er medlemmen
ansvarleg for.
7.7 Dersom medlem oppdagar skade på eller manglar ved utstyret i hamneanlegget, skal det
straks melda frå om dette til hamnesjefen.
7.8 Bilar skal parkerast på parkeringsplassen.
7.9 Det skal ikkje lagrast båtar, tilhengarar, båtutstyr eller anna på Jondal båthamn sitt
landområde.
7.10 På grunn av tryggleiken er det ikkje tillete med bading i hamnebassenget.
8.0 Straum.
Leidningar som vert nytta, skal ha godkjent kapsling og dimensjon, og skal leggjast slik at dei
ikkje kjem ned i sjøen.
8.1 Straum til bruk for reingjering, vedlikehald, batterilading og liknande for korte periodar
er kostnadsfritt. Straumkabel skal fjernast når han ikkje er i bruk.
8.2 Straum til oppvarming av båt, vatn m.m. skal avreknast etter forbruk. Målarstand skal
avlesast av medlem og rapporterast til hamnesjef ved tilkopling og ved fråkopling.
9.0 Ferdsel.
9.1 Inn- og utkøyring i hamna skal skje med låg fart og aktsemd.
9.2 Uvetting navigering eller annan farlig/omsynslaus ferdsel i hamna, eller på hamna sitt land
område, kan føra til tap av båtplass og medlemskap.
10.0 Tilsyn.
Båteigar må syta for regelmessig tilsyn av båten sin. Ved uver og anna, har båteigar plikt til enten sjølv eller gjennom andre, å forsikra seg om at alt er i orden. Feil ved anlegget skal straks rapporterast til hamnesjefen.
11.0 Gjestehamn.
13.1 Gjester i båthamna er pliktige til å fylgja hamnereglementet og hamnesjefen sinetilvisingar. Gjestehamna kan nyttast mot avgift som vist i gjeldande prisliste.
13.2 Gjestehamna skal ikkje nyttast til fortøying av båtar i perioden 15.09 - 15.04.
13.3 Gjestebryggja mellom land og fyrste utriggar kan ikkje nyttast til fortøying av gjestebåtar.
12.0 Brot på hamnereglementet.
Medlemmer som ikkje rettar seg etter dette reglementet, kan ekskluderast i samsvar med § 8 i
vedtekter for Jondal båthamn.
13.0 Endring av hamnereglementet.
Årsmøtet i Jondal båthamn kan til ei kvar tid endra hamnereglementet. Endringane vert kunngjorte på båthamna si heimeside www.jondalbaathamn.com
12.0 Informasjon.
Hamnereglementet ligg på båthamna si heimeside og er oppslått på Jondal båthamn si oppslagstavle. Medlemmene har plikt til å gjera seg kjent med dette.
Styret sitt framlegg til vedtak:
Hamnereglementet vert godkjent
Vedtak:
Styrets forslag til havnereglement med endringer er vedtatt (Se"Hamnereglementet" datert 27/03 2009 som ligger på hjemmesiden
|
Sak 16 / 2009 Budsjettframlegg 2009 Jondal båthamn
|
|
Inntekter
|
Inntekter
|
Utgifter
|
|
|
Årsavgifter kr 700 x 340
|
238000
|
|
|
|
Dugnad frå 2008+ hamnesjefar
|
-45000
|
|
|
|
Inntekter Gjestebryggja
|
40000
|
|
|
|
Prosjekteringstilskot Jondal kommune
|
40000
|
|
|
|
Utgifter
|
|
|
|
|
Vatn, straum, tlf, porto m.m
|
|
15000
|
|
|
Forsikring
|
|
14000
|
|
|
Diverse utgifter
|
|
29000
|
|
|
Avsetjingar
|
|
65000
|
|
|
Renteutgifter 5 % på kr 1.500.000,-
|
|
75000
|
|
|
Avdrag
|
|
75000
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
273000
|
273000
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Investeringsbudsjett - framlegg
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Nybygg
|
|
2500000
|
|
|
Oppdrag + kaifront
|
|
600000
|
|
|
Oppfylling og omlegging av veg
|
|
1000000
|
|
|
Innskot frå eigarane kr 2.000,- per m
|
690000
|
|
|
|
Dugnad 2000t à kr 300,-
|
600000
|
|
|
|
Tilskot frå Jondal kommune
|
1600000
|
|
|
|
Tilskot frå næringsdrivande
|
400000
|
|
|
|
Lån
|
810000
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
4100000
|
4100000
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Styret sitt framlegg til vedtak:
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Budsjettframlegget for 2009 vert vedteke
Vedtak:
|
|
|
|
Budsjettframlegg med inntekter og utgifter for 2009 ble godkjent av årsmøtet.
Styrets forslag til investeringsbudsjett 2009 trekkes med henvisning til øvrige vedtak ang. utbygningen o.s.v.
Årsmøptet ga styret en budsjettramm på k r. 1.000.000,- til det videre arbeid med kaifront og båtoppdrag
.
Jens Guldbrandsen
Ref.
|
|
|
|
Underskrift:
Berge Brattabø Konrad Moen