Gjestehamna til Jondal båthamn

Betaling

Hei alle brukarar av gjestehamna!
De er velkomne til å bruka gjestehamna og om de ynskjer straumtilknytning er det berre å kobla dykk til straumuttaka.

Betaling skjer i kassen oppe på kaien. Prisen er kr 100,- per natt, korttidsopphald er gratis. Straum kostar kr 25,- per døger.

Velkomne til Jondal !

Service for båtfolk:

Jondal båthamn har i 2008 investert om lag kr 5.000.0000,- i nye båtbryggjer og kan no tilby ny gjestekai med plass til om lag 15 båtar. Me reknar og med å oppgradera landanlegget så snart som finansieringa er klar. Planane kan du sjå under plansida.

 

Jondal båthamn samarbeider med Spar og Jondal kommune slik at det kan leggjast båtar ved kaien framfor Spar, ved den kommunale betongkaien midt i bukta og i Jondal båthamn sitt anlegg. Kaiavgifta er kr 100,- per båt per natt og ved den nye gjestebryggja kan ein bruka straum for kr 25,- per natt (døger). Vatn kan brukast gratis. Betaling kan ein ordna sjølv med å bruka betalingskassen som står ved det raude lagerbygget i nærleiken av gjestebryggja.

 

Spar sel drivstoff og driv og eit toalettanlegg med inngang frå ferjekaien og eit vaskeanlegg med dusj, vaskemaskin og tørketrommel med inngang frå nordsida. Code kan kjøpast i butikken måndag til laurdag frå kl 09.00 - 20.00 ( 18).

  Kva kan me tilby båtturistane?:

  1. Jondal kommune - ein liten og triveleg kommune med landsbystatus og vel 1000 innbyggjarar. Meir informasjon på http://jondal.kommune.no
  2. Folgefonna. Lett tilgang til Folgefonna, Noregs 3. største isbre. 20 km bilveg til brekanten der Folgefonn sommarskisenter ligg med skitrekk, ski- og brettutleige og enkel servering. Kanskje Noreg`s beste sommarskisenter. Einaste staden i verda der du kan oppleva både badeliv i sjø og skigåing på bre innan ein time.   http://www.folgefonn.no                                                                            
  3. Folgefonni breførarlag tilbyr ulike guida turar på breen der leige av utstyr inngår i tilbodet. http://www.folgefonni-breforarlag.no/                                                                          Buss frå ferjekaien i Jondal kvar dag kl. 09.45 med retur frå    skisenteret kl. 15.50 i perioden 15/6 – 15/8.
  4. Turstiar. Merka turstiar i variert og fantastisk terreng. Kart og nærare opplysningar på turistkontoret.
  5. Jondal kyrkje. Open kyrkje på dagtid, også kalt Hardangerkatedralen. I tillegg til gudstenester er det konsertar og orgelspel av vår svært dyktige kantor, Anne Karin Stormyr. http://www.jondalkyrkje.net/
  6. Kommunesenter. Eit kommunesenter med særprega byggjeskikk, sveitserhus med helletak og velstelte frukthagar bundne saman av smale grusgangar.
  7. Butikkar. 2 velutstyrte daglegvarebutikkar, ein blomebutikk og eit utsal for handarbeid og handverksprodukt i tillegg til Bunadsstova som syr hardangerbunader for både kvinner og menn på tinging.
  8. Skifer. Er du interessert i heller eller naturmurstein til hus og hage er det ikkje langt til produsentane i  Hellebrotet på Solesnes.
  9. Herand. Kulturbygda Herand ligg 14 km mot Utne. http://www.herand.no/ .Her ligg kulturminna tett, t.d. hellerissingfelt, båtbyggjarmuseum, oppgangssag i drift, og kvernhus i tillegg til ein flott tursti. I Mælen, litt lenge mot Utne ligg Hardanger Kulturgalleri som er verdt eit besøk uansett kva utstilling som vert presentert.  http://www.kulturgalleriet.no/
  10. Turistkontor. Turistkontoret har eiga heimeside med aktuelle turistopplysningar på norsk, engelsk og tysk. www.visitjondal.no
  11. Folgefonnlandsbyen har og si eiga heimeside. Jondal har landsbystatus saman med fire andre stader i landet. www.folgefonnlandsbyen.no

 

Styret i Jondal båthamn ynskjer gjestene våre velkomne og vonar at dei får eit fint og minnerikt opphald i kommunen vår !

 

Gunnar Eiken - leiar      Egil Ulvund -nestleiar      Else Borgen-kasserar        Jens Guldbrandsen - sekretær      Arild Njåstad - hamnesjef

 

Jondal båthamn har eigen vakttelefon: 94827151. Ta gjerne kontakt dersom du får problem i båthamna.